rostyslav-savchyn-gdQ43QHExKA-unsplash.jpg

Temapakke 2:
Utanfor

Varigheit: 4-5 uker

I denne temapakka skal eleven danne seg ei betre forståing av kvifor nokre menneske hamnar utanfor samfunnet. Dei skal kunne reflektere over tema som har med empati og menneskeverd å gjere. Elevane skal analysere skjønnlitteratur med aktuell tematikk, i tillegg til å tolke og omsetje eit dikt til ein kortfilm eller eit drama..

 

Kompetansemål:

  • lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiske og andre språk, og reflektere over tekstenes formål, innhold, sjangertrekk og virkemidler
  • sammenligne og tolke romaner, noveller, lyrikk og andre tekster ut fra historisk kontekst og egen samtid
  • utforske og reflektere over hvordan tekster framstiller unges livssituasjon
  • gjenkjenne og bruke språklige virkemidler og retoriske appellformer
  • bruke kilder på en kritisk måte, markere sitater og vise til kilder på en etterrettelig måte i egne tekster
  • informere, fortelle, argumentere og reflektere i ulike muntlige og skriftlige sjangre og for ulike formål tilpasset mottaker og medium
  • skrive tekster med funksjonell tekstbinding og riktig tegnsetting og mestre rettskriving og ordbøying på hovedmål og sidemål
  • uttrykke seg i ulike sjangre og eksperimentere med sjangre på kreative måter
  • lage sammensatte tekster og begrunne valg av uttrykksformer

Aktuelle kjerneelement i andre fag:

  • Samfunnsfag: Identitetsutvikling og fellesskap
  • Musikk: Kulturforståing
  • KRLE: Kunne ta andres perspektiv, etisk refleksjon
  • Kroppsøving: Deltaking og samspel i bevegelsesaktivitetar
 
 

Læringsmål:

  • forklare kvifor nokre menneske hamnar utanfor samfunnet
  • reflektere over tema som har med empati og menneskeverd å gjere
  • gjere greie for tema og verkemiddel i ein skjønnlitterær tekst
  • reflektere over samspelet mellom ulike modalitetar i ein teikneserie
  • reflektere over korleis ein kan bruke skjønnlitteratur som eit innlegg i samfunnsdebatten
  • omsetje eit dikt til ein kortfilm eller eit drama

Nødvendige førkunnskapar:

  • Ingen

Undervisningsopplegg

 
rikki-chan-9FfJW5Tu_qk-unsplash.jpg

Petter Uteligger - om å stå utanfor samfunnet

Lengde: 60-90 minutt

I denne økta skal elevane opparbeide seg ei forståing av kva det vil seie å stå utanfor samfunnet, i tillegg til å reflektere over ulike årsaker til at menneske hamnar i slike situasjonar. Elevane skal lese ein dokumentarisk tekst av Petter Nyquist, som gir dei innsikt i livet til nokre vanskelegstilte .

karim-manjra-6iM5GOht664-unsplash.jpg

Einasamflygar

Lengde: 120-180 minutt

I dette opplegget skal elevane omsetje diktet «Einsamflygar» til ei kort dramatisering. Det er også mogleg å omsetje diktet til ein kortfilm. Elevane vil i begge tilfelle eksperimentere med sjangrar på ein kreativ måte, og dei vil sjå korleis ulike modalitetar kan spele på lag for å skape eit nytt uttrykk. Som utgangspunkt skal elevane først lese ein teikneserieversjon av diktet. Opplegget er ein del av temapakka «Utanfor», men kan også brukast som eit enkeltståande undervisningsopplegg.

dan-7th-vGNVhp3HyCY-unsplash.jpg

Motiv og tema

Lengde: 60-90 minutt

I denne økta får elevane ein innføring i grunnleggande litteraturanalyse. Elevane skal bli fortrulege med omgrepa motiv og tema, og dei skal kunne reflektere over føremålet med å lese og analysere litteratur og annan kunst.

 
gabriel-rodriguez-ZbLsdKa6f00-unsplash.jpg

Karens jul

Lengde: 90-120 minutt

I dette opplegget skal elevane lese novella Karens jul. Dei får innsikt i korleis skjønnlitteratur kan fungere i ein samfunnsdebatt ved å sjå teksten i historisk kontekst, i tillegg til å drøfte relevansen teksten kan ha i dag. Elevane skal øve seg på å tolke novella, og ta i bruk fagomgrep som tema og motiv. Ein kan knyte opplegget til temapakka «utanfor», men ein kan også nytte det som opplegg for ein enkelttime.

snø.jpg

Snøen stryk ut alle spor

Lengde: 2 økter à 60-90 minutt + tid på skulen eller heime til skriving

I dette opplegget skal elevane lære seg å gjere ein enkel analyse av forteljande tekstar. Dei skal analysere utdraget frå romanen «Snøen stryk ut alle spor», som skildrar kampen ein gut som står utanfor veneflokken, kjempar. Oppgåva ber elevane velje og grunngje ei allereie gitt tematolking, og passar derfor som første møte med litteraturanalyse på ungdomsskulen. Opplegget er delt i to økter: Ein generell gjennomgang av analyse av forteljande tekstar, og ein der dei les teksten som dei skal analysere. Ein kan knyte opplegget til temapakka «Utanfor», eller bruke det for seg sjølv, men då bør ein først ha gjennomgått opplegget «tema og motiv».

 

Synopsis er et fleksibelt norskverk som du kan bruke slik det passer dine elever.

Er det noe du lurer på, ta gjerne kontakt med oss.

Har du tilbakemeldinger eller forslag til oss, bruk skjema her: GI TILBAKEMELDING